Skredsenteret i Tafjord
Oppdragsgiver: Norddal Kommune
Medium: Museum/Senter
Norddal kommune har gitt Hybris oppdraget med å utvikle planane for eit Skredsenter. Slike planar har eksistert lenge, og no skal mellom anna ulike lokaliseringsalternativ, målgruppevurdering og innleiande konseptuelle vurderingar utarbeidast.
Ras og rasfare i denne delen av Storfjorden og Sunnmøre har ei lang historie. Den mest kjende hendinga kom natt til 7.april 1934, då bygdene Tafjord, Fjørå og Sylte vart ramma av store flodbølger. Store steinmasser frå fjellet rasa ut i fjorden, og over 60 meter høge bølger knuste alt i sin veg. 40 mennesker mista livet.
Den dag i dag lever menneska her med vissheita om det farlege fjellet. Åknes/Tafjord-prosjektet er eit interkommunalt tiltak som kartlegger rasfaren i heile indre Storfjorden. Den kunnskapen prosjektet sit på er dramatisk. Både med GPS, radar og laser er det målt stor rørsle i fjellet, både på Åknes og Hegguraksla. Så mykje som 80-100 kubikkmeter masse er rekna som ustabilt volum. Konsekvensane av ei ulukke er nærast ikkje til å forstå.
Men det er ikkje eit hovudpoeng å svartmale eller overdramatisere denne situasjonen. I skuggen av fjellet bur det folk langs fjordane, her vil dei bu og her skal livet levast. Her ligg det mykje godt materiale, historier, tankar om fortid og framtid. Er det nokon av oss, enten i Oslo eller i Calcutta, som ikkje lever med risiko, enten det er klimarelatert eller ei trafikkulukke?

