Rollespel om makt, kjærleik og vikingar
Oppdragsgiver: Nordvegen Historiesenter og Karmøy kommune
Medium: Rollespel
Hybris fortsetter samarbeidet med Nordvegen Historiesenter og Karmøy kommune. Vi byrjar no arbeidet med ei ny type rollespel som vil utvide tilbodet på senteret. Kva er nytt? Fokuset i dette rollespelet ligg i all hovedsak på det sosiale samspelet og diskusjonen for å kome fram til løysingane. Ramma for opplegget er eit norrønt ting, og spelarane er samla for å vurdere nokre særs utfordrande saker. Både forelska ynglingar, kongar og gudar står til doms. Diskusjonane vert styrt av ein lovseiemann (frå senteret), og sakene vert presentert ved hjelp av flotte filmar og eigne mapper som gruppene får utdelt. At rollespelet og diskusjonane går rett og høvisk for seg vert overvaka av sjølvaste Odin, den klokaste av alle dei norrøne gudane.
Med enkel teknisk profil, stemningsfull tematisering i romet og originale problemstillingar vert dette lærerikt og underhaldande for både skuleelevar og pensjonistar.
Hybris ser på dette rollespelet – som pedagogisk tilbod og som ei enkel driftsmessig utviding med stor positiv drakraft – som noko alle museer og besøkssentra burde sjå nærare på. På Nordvegen er det vikingtid som står i sentrum, men opplegget kan brukast med alle moglege faglege og innhaldsmessige vinklar.
Arbeidet med å fullføre tekstane som skal ligge i botnen for alle diskusjonane vert fullført denne månaden. Dette er sjølve armeringa i rollespelet. Sakene er både kompliserte og underhaldande. Både konge og gud står til doms, så her må dei ansvarlege trø varsamt.
Vi har også sett i gang produksjonsprosessen for filmopptaka som skal gjerast på location der nede. Saman med oppdragsgjevar er vi samde om ei omfattande prøve- og testperiode på senteret, helst med lokale skuleelevar. Sluttleveranse og åpning for normal drift av rollespelet er september ’09.
Prosjektleiar for Hybris er Jarl Holstad. Kontakt enten Marianne Shaw eller Trude Bjelke.
For Karmøy kommune og Avaldsnesprosjektet er Marit Synnøve Vea prosjektleiar og kontaktperson.
